Vi har i dag ca 25 tilsette; Elektroingeniørar, data/telemontørar, lærlingar og hjelpearbeidarar, saksbehandlarar/Ingeniør, kontormedarbeidarar, lageransvarleg og reperatør. Omsetnaden i 2022 var på ca 45 millionar.
Øvreberg Innstallasjonsbedrift er ei familiebedrift som blei starta i 1938 av Olav Øvreberg. Arne Øvreberg tok over som dagleg leiar i 1966, og i dag er det 3. generasjon ved Asbjørn og Olav Atle som står for den daglege drifta. Elektroinstalasjon for kundar i Stryn Kommune har heile tida våre basis for selskapet.
Vi held til i eige bygg med kontor, lager og verkstad midt i Stryn sentrum.
Butikkdrift har også våre ein del av forretningsverksemda, men frå og med hausten 2015 er dette drive av andre gjennom Power-kjeden (tidligare Expert) ved same adresse.